Gratis befaring, råd og hjelp til å finne ut kva skadedyr det er snakk om

Gratis befaring

Første steg i effektiv og målretta skadedyrkontroll er å vite kva skadedyr det er snakk om. Det same gjeld ved førebygging og behandling mot skadedyr.

Lurer du på kva skadedyr du har sett eller sett spor av ? Ta kontakt eller bruk kontaktskjema på Kontakt oss, så hjelper vi deg å finne ut dette heilt gratis. Legg gjerne ved bilde av skadedyr/spor etter skadedyr, og info om kor mange og kvar du såg skadedyret.

Du kan også sende oss eit eller fleire eksemplar av insekt du lurer på kva er. Hugs å pakke insektet godt t.d. i ei solid øskje eller tom medisinboks med litt bomull i for å hindre at insektet ristar sundt. Hugs avsendar og informasjon om du vil ha tilbakemelding per telefon, epost eller vanlig post.

Vi kan også utføre gratis befaring hjå deg/ditt firma. Vi brukar vår kunnskap om åtferd og biologi til å kartlegge omfang, årsaks samanheng og skaderisiko. Vi gjev råd om førebyggande tiltak for skadedyrkontroll. Om nødvendig utarbeider vi ein plan for behandling mot skadedyr.

Du kan finne meir info om skadedyr og tips om ting du sjølv kan gjere for å førebygge skadedyr på Skadedyr eller hjå
Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.