Veggedyr

Veggedyr er eit blodsugande insekt som kan vekse til å bli ca 5 mm lange. På dagtid gøymer dei seg gjerne i små sprekker langs golvet, senga di, i møblar og i veggar o.s.b. Dei etterlet seg mørke ekskrementflekkar, larvehud, døde dyr og egg. På nattestid kjem dei fram frå gøymestadane sine og sug blod av menneske.

Måten veggedyr forflyttar seg på er oftast i/ved transport av møblar, i reisebaggasje, brukt sengetøy og liknande. Dei er ofte å finne på stadar der det er stor gjennomtrekk av menneske, t.d. på campingphytter, hotell, ungdomsherberge og studentheimar. Frå desse plassane blir dei lett transporterte til private heimar, ved hjelp av menneske. Og når dei først har etablert seg i eit rom, så sprer dei seg ofte til fleire delar av heimen.

Om du er ute og reiser, kan det være lurt å sjekke for spor etter veggedyr (eksrementflekkar). Oppbevar baggasje mest mogeleg lukka. Om du mistenker veggedyr, frys ned baggasjen til -18 grader i to døgn, eller vask baggasjen i minimum 60 grader. Om du kjøper brukte møblar bør du også sjekke etter veggedyr. For om du først har fått dei i hus, så kan dei vere vanskeleg å få vekk.

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om veggedyr på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).