Svart jordmaur

Svart jordmaur finn ein stort sett i alle lågare liggande område i sør-Norge. Utandørs er den å finne sør for Trøndelag. Tuene har dei ofte i råte treverk, jord eller sand. Dei bygger tua inntil steinar, som blir varma opp på dagtid. Dermed held steinane temperaturen litt oppe når natta kjem. For jordmauren likar seg i varme omgivelsar, og er derfor også å finne innandørs.

Som mange mennesker, elskar jordmauren søt mat. Så fort dei finn ei matkjelde, legg dei ut luktespor, og på den måten strøymer det til med mykje maur.

Høgtida for svart jordmaur er på seinsommaren. Då mister dronningane vingene sine, før dei finn ein ny stad å etablere ei ny tue. Dette er gjerne saman med fleire andre dronningar.

Når etableringsfasen er over, blir det eit dødeleg slagsmål, der berre ei dronning står att. Levetida til ei dronning kan strekke seg til 20 år. Ei tue med svart jordmaur kan ha så mykje som 10 000 maur.

Andre maurtypar som gjerne opptrer som skadedyr er:

Sjå også meir info om maur her.

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om svart jordmaur på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).