Rotter og mus

Rotter er veldig tilpasningsdyktige dyr, og er å finne over heile verda. I tillegg til å vere smittebærarar av ulike sjukdommar, så er rottene også skadedyr, og kan påføre store materielle skadar.

Mus er også å finne i og rundt hus og bygningar. Den lever også ofte i nær tilknytning til mennesker og husbygningar. Den kan gjere mykje skade, bl.a ved å gnage på ledningar, samt å grise til med ekskrement og urin.

Både rotter og mus er gnagarar. Gnagarar er pattedyr med ein karakteristisk tanngarde, som består av ei fortann med mellomrom, samt tre jekslar i kvar kjevehalvdel. Mellomrommet gjer at dei kan lukke munnen med kinna, og dermed unngå å ete det dei gneg på.

Fortenna til rotter, som har ein oransje eller brun emalje, veks ca 14 cm i året dersom dei ikkje hadde gnage på noko. Til vanleg blir tennene helde nedslepne og skarpe ved at dei gnissar tenna langs kvarandre. Fortenna er ca 3 mm breie. Dei kan faktisk gnage på alt som er mjukare enn 5,5 på Mohrs skala, og det vil seie alt som er mjukare enn jern og marmor.

Skadar som typisk er forårsaka av rotter, er skade på leidningar, isolasjon og rør. Rotte og mus står sannsynlegvis for ca 25% av alle uoppklarde brannar. Det føl også stor smittefare med gnagarar. Rotte markerar sine revir med urin, spytt og ekskrement, som kan innehalde diverse sjukdomsframkallande bakteriar. Rottebitt kan føre til stivkrampe hos menneske. Rotter kan også forårsake smitteoverføring til husdyr, t.d. munn og klauvsjuke, svinepest og hundegalskap.

Rotter er mest aktive om natta. Dersom du ser rotter på dagtid, skuldast dette at dei er stressa, anten grunna matmangel, forstyrringar, forgiftning, eller at dei er i eit stort samfunn (d.v.s. er mange). Den brune rotta er mest aktiv dei to første timane etter solnedgang og like før soloppgang. Brune rotter kan grave komplekse gangsystem under bakken, opptil 1 meter lange. Dette mest for å unnga rovdyr. Mus kan i motsetning berre grave ca 20 cm. Elles kan både mus og rotter svømme, klatre og hoppe.

Spor etter gnagarar kan vere ekskrement, gangespor i mjøl, feittmerke, hol som er gravd i jorda eller i veggar, skadar på kablar og rør, lukt og lydar i veggar.

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om gnagarar på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).