Mjøl-/melmøll

Mjøl-/melmøll er eit lagarvareinsekt som først vart oppdaga i Noreg i 1910. Sidan dess har den vore å finne både i private heimar og i bedrifter som produserar mjøl og kornprodukt.

Mjøl-/melmøll lever kun innandørs i Noreg. Mjøl-/melmøll er aktive på nattestid, då er dei på jakt etter å finne ein stad å pare seg, eller legge nye egg.

Eit angrep frå mjøl-/melmøll kan få store konsekvensar for mjøl- og kornprodusentar, då dei kan øydelegge store parti, ved sine klumpar som dannast av spinn, ekskrement og kornprodukt. I nokre bakeri kan førekomsten vere så stor at larvar og blandinga av spinn og ekskrement hamnar i bakevarene.

I private heimar gjer mjøl-/melmøll oftast skade på posar med kveitemjøl, frukostblandingar, gryn o.s.b. Matvarene må då frysast ned, og skap må reingjerast grundig.

Les meir om lagervareinsekt i tørre matvarer eller ein annan av dei vanlegaste skadegjerarane av lagervareinsekta:

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om biller og møll på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).