Kveps

Kveps er sosiale dyr. Ei dronning lever saman med sine arbeidarar i ein kvepsekoloni. I løpet av hausten, dør kolonien, og eit kvepsebol blir aldri brukt om igjen. Kvepsane kan være plagsame for oss menneske, då det er vondt å bli stukken av kveps. For nokre menneske, kan kvepsestikk være farleg.

Kveps som stikk, kalla stikkekveps, tilhøyrer familien Vespidae, som igjen tilhøyrer insektsgruppa årevinger. Dei har ein bakkropp som er gul og svart, med relativt smale vinger.

Lengda på ein stikkveps er mellom 11-19 mm lang, mendan dronninga er noko større. Ein finn kveps i heile Noreg og i stort sett heile verda, fordelt på rundt 5000 ulike artar.

I kvepsekolonien fordelar kvepsane arbeidsoppgåvene seg i mellom. Nokre har ansvar for bygging av bolet, mendan andre skal forsvare bolet. Nokre kvepsar samlar inn mat o.s.b. Dei fleste kvepsane er arbeidarar, som er hoer, med uutvikla kjønnsorgan. Dronninga er mor til alle, og den einaste som legg egg.

Alle kvepsane er utstyrt med ein brodd i bakkroppen, dette gjeld både arbeidarane og dronninga. Brodden er forbunde med ein giftkjertel, som kan brukast som eit våpen. Kvepsen kan stikke gjentekne ganger, i motsetning til bia, som kun kan stikke ein gang.

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om kveps på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).