Husbukk

Husbukk høyrer til trebukkane. Det latinske namnet er Hylotrupus bajulus.Den er avlang og har store antenner. Den er knytt til bebygging, og er å finne litt forskjellege plassar i Noreg, m.a. langs Sognefjorden.

Ein vaksen husbukk er frå 8-20 mm lang og den er antan svart eller brun. Det er ikkje ofte ein ser husbukk, sidan den kun lever ca 2 veker som vaksen. Spor etter larvar kan vere larvegangar som er ovale eller flate, rundt 5 mm breie, fylt med eit fint, lysegult boremjøl-/mel.

Husbukk angrip bartrevirke i alle delar av hus. Solrike veggar er ofte ein utsett plass for angrep. Langs Sognefjorden har det vist seg at 92% av angrepa var i takbjelkar på loft.

Les meir om treborande insekt eller ein annan av dei vanlegaste skadegjerarane av dei treborande insekta:

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om husbukk på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).