Gjærfluge/-flue

Gjærfluga/-flua har ein livssyklus på 7-8 dagar. Den vert også kalla eddikfluger/-fluer og fruktfluger/-fluer og er 2-4 mm lange.

Ofte blir gjærfluga/-flua klekka innandørs i saft- og sylterester, rota frukt/fruktavfall og plantemateriale, tomflasker utan kork med brus eller vinrestar i, tome mjølkekartongar o.l. Kort sagt i alt gjærande avfall.

Gjærflugene/-fluene kan det bli mange av på kort tid, då heile utviklingstida frå egg til vaksen fluge kan vere så kort som 7 døgn.

Har du gjærfluger/-fluer i store mengder er det viktigaste å finne kjelda til kvar dei vert klekte. Er temperaturen høg i t.d. gjærande matrestar går utviklinga frå egg til larve fortare - ca ei veke.

Les meir om fluger/fluer eller ein annan av dei vanlegaste skadegjerarane av flugene/fluene:

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om fluger på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).