Brunsvart mjøl-/melbille

Brunsvart mjøl-/melbille har ei oval form, med glinsande mørkebrun farge, og blir ca 4-6 mm lange. Dei angrip mjøl/mel, gry, kjeks, krydder, mandlar, sjokolade og nøtter. Den kan også leve på hundefor og døde insekt.

Ved angrep set den igjen ei sterk lysol-lukt i matvarene. Lysol var tidlegare brukt som desinfeksjonsmiddel. Det er viktig å finne kjelda til dei brunsvarte mjøl-/melbillene. Dette kan typisk være en mjøl-/melpose, som har stått ubrukt over en lengre periode. Matvarene må frysast, eller øydeleggast.

Brunsvart mjøl-/melbille kan også leve på smuler i sofaen. Her må eventuelt støvsugeposen brennast straks etter støvsuginga, slik at billene ikkje skal spre seg på nytt.

Les meir om lagervareinsekt i tørre matvarer eller ein annan av dei vanlegaste skadegjerarane av lagervareinsekta:

Agila Vest AS har tilsette som er godkjende skadedyrbekjemparar, ta kontakt for tilbod og synfaring.

Du kan lese meir om mjøl-/melbiller på websidene til Nasjonalt Folkehelseinstitutt (med løyve frå Nasjonalt Folkehelseinstitutt).