rotte

Rotter og Mus

Rotter er veldig tilpassingsdyktige dyr, og er å finne over heile verda. I tillegg til å vere smitteberarar av ulike sjukdomar, så er rottene også skadedyr, og kan påføre store materielle skadar.

Mus er også å finne i og rundt hus og bygningar. Den lever også ofte i nær tilknyting til menneske og bygningar. Den kan gjere mykje skade, m.a. ved å gnage på leidningar ogå grise til med ekskrement og urin.

meir
veggedyr

Veggedyr

Veggedyr, eller veggelus som nokon kallar det, er aktive på nattetid, og skjuler seg på dagtid. Den gøymer seg både i skåp, bak bilete, bak golvlistene og andre plassar i huset. Veggedyret lever av å suge blod frå menneske. Veggedyr er avhengige av å overvintre innandørs her i Norge, og dei kan klare seg i fleire månader utan blod.

meir
maur

Maur

Det finst mange typar maur, og dei fleste finn ein også her i Norge. Ein av maurtypane som er kjent for å gjere skade på bygningar er stokkmaur. Denne maurarten finn ein over heile landet. Skadane den gjer er å gnage i tre og isolasjonsmateriale for å lage reir.

meir
bille

Lagervareinsekt i tørre matvarer

Dette er insekt som held til i næringsmiddel. T.d. angrip mjøl/-melbille angrip mjøl/mel, gryn, kjeks, sjokolade, nøtter, mandlar, krydder, frø o.s.b. Altså, den angrip noko dei fleste av oss har ståande i matskåpa vår. Etter at billene har vore på besøk kan matvarene bli øydelagde, då dei skil ut ei sterk lysollukt som sett seg i matvarene.

meir
stripete borebille

Treborande insekt

Stripete borebille (også kalla mit, mott og mår) er å finne i heile landet, til og med Troms. Den er kjend for å angripe i kjellarar, og likar seg godt i fuktige omgjevnader. Den lever i tremøblar og anna bygningsvirke, men i kyststrøk kan den også forekomme i resten av huset.

Husbukk angrip bartrevirke i alle delar av hus. Solrike veggar er ofte ein utsett plass for angrep.

meir
fluge

Fluger

Fluger/fluer kan opplevast som irriterande, vere smitteberarar og vere skadedyr. Finst eit uttal av fluge-/flueartar. Vanlege husfluger/-fluer blir klekka ute men flyg inn glas, opningar og opne dører i hus, resturant, kioskar o.s.b

Gjærfluger/-fluer klekker gjerne inne i rota frukt/fruktavfall, tomflasker utan kork med brus eller vinrestar og kort sagt alt gjærande avfall.

meir
kveps

Kveps

Kveps kan vere svært ubehagelege for oss menneske, spesielt om hausten då dei er på jakt etter sukkerholdig næring. For nokre menneske kan eit kvepsestikk også vere farleg. Førebyggande tiltak og bekjemping kan redusere bestanden av kveps nær bustader.

meir