Visjon

Per Olav Erikstad

For å bygge tillit i marknaden må du ha kompetanse, gode haldningar, engasjement og stoltheit for arbeidet du skal gjere. I tillegg må du ha respekt for kunden sine meiningar. Du må også ha respekt for kunden si tid, i form av å legge ting til rette for kunden. Vi jobbar for å oppnå denne tilliten.

Eit av dei viktigaste prinsippa ved moderne skadedyrkontroll er å førebygge i staden for å bekjempe skadedyr. Årsaka til skadedyrproblem må avdekkast og ordnast opp i.

Vi ynskjer å formidle kunnskap og rettleie deg som kunde om kva du/ditt firma kan gjere sjølv for å førebygge.

Vi ynskjer også å informere om konsekvensane av manglande førebygging mot og bekjemping av skadedyr i form av skadeverk i bygningar m.m., som kan føre til stor økonomisk kostnad. Vi ynskjer å informere om at det i samband med skadedyr også kan vere smittefare og brannfare i bygg m.m.. Vi vil formidle kor viktig det er for deg å ha kompetent og godkjend skadedyrkontroll.

Vårt mål er at du som kunde skal føle at du får noko igjen for det du betalar for i form fagleg kunnskap, oppfølging, og at dei tilrådingar vi gjev og eventuelle tiltak som vert sett i verk fungerer. Vi stiller opp for deg som kunde når du har behov for hjelp.

Vår visjon er difor: Kunnskap, erfaring og tillit - saman finn vi dei gode løysingane!

HMS-visjon

Vi har som mål å utføre arbeidet vårt på ein trygg og god måte i samarbeid med våre kundar, til beste for tilsette, kundar, eventuelle tredje parts personar og ytre miljø. Dette for å sikre god kvalitet på våre tenester og førebyggje skadar på personar og miljø.